The Whiskey Diary

I samband med at eg tek meg ein heisatur til Irland, ein heisatur som varar omtrent fram til jol, har eg etablert ein ny blogg. I denne bloggen vil du få eit innblikk i korleis ein utvekslingsstudent overlever i Irland. Eg tilrår den på det sterkaste, rett og slett fordi det er forfattaren sjølv som skriv.

The Whiskey Diary - hitogendalengre.blogg.no

Legg att ein kommentar

Adieu adieu

Nu reiser jeg henn til fremede land...

 

Det er alltid vedmodig å seie farvel til så flotte folk som ein finn på Rauland. Det er heller aldri lett å snu ryggjen til ein så vakker og herleg stad som Rauland og instituttet er. Derfor kan ein ikkje forlata Rauland utan eit riktig kalas!

Tysdag kveld heldt me farvel-fest på Bitustøyl der me hadde invitert andreklassingane som me var saman med i Farsund. Det vart servert både vått og tørt, og alle vart mette og gode. Og sidan Simen hadde teke med seg film, vart det framvising av kultklassikaren "Halvveis til Haugesund".

Midt på svartaste natta køyrde me Ine til nattbussen i Åmot, der det vart eit vedmodig farvel med klemming og lukkeynskjer. Ine er no komen seg trygt til Helsinki, og har det berre bra etter forholda å melda.

Onsdag vart den fyrste konserten denne hausten servert av Folkemusikkscena på Rauland. To skotske jenter, Anna Massie og Mairearad Green, spelte tradisjonsslåttar frå Skottland på gitar, trekkspel, banjo og sekkepipe. Ein flott konsert med flinke musikarar!

Ein folkehøgskule frå Gvarv var òg på besøk denne kvelden. Det vart reine Vinterfestivalen-stemning på akademiet. Dansen glymde i halli, så me dansa då i ring. Folkehøgskuleelevane fekk me òg med oss i ein svingom og to. Festen eskalerte på studentheimen og alle storkosa seg. Dessverre er det no ein gong sånn at me alle må bita i det sure eplet og kasta inn årane ein eller annan gong. Men for ei herleg avslutting på dette korte opphaldet på Rauland!

Men eg får seie som Schwarzeneggeren: I'll be back!

Shaun med ny frisyre. (Foto: Johanna Mjeldheim)

Legg att ein kommentar

Å, for eit liv, for eit herleg liv!

Vi synger og skråler og ler!

Det er gledeleg å kunna melda om at frøken Ine vart funnen i god behold og henta heim til Bitustøyl. Ho hadde mykje å fortelja oss frå Sambandsstatane, som til dømes at ein får gratis drikka med viss ein kjøper 10 hamburgarar.

Fyrste skuledag gjekk over fort og smertefritt. Sidan det var sol måtte me grilla på Telemarkstunet for å utnytta sesongens antakeleg siste halvvarme kveld. Etterpå vart det fest i Årestoga med servering av betasuppa, samt noko litt sterkare. Eg kan melda om at eg klarte å pådra meg minst 9 store myggstikk denne kvelden - ikkje å tilrå, det var ikkje noko komfortabelt.

På torsdag var dagen me tok hjula fatt og cruisa ned Setesdala, åt på Pernilles Kafeteria i Evje, tok til høgre mot Lyngdal, seig inn i Farsund City, ramla overlasta inn på hotellrommet, spretta den fyrste øla og tok fram instrumenta for å spela. Ingenting er som den årlege Nordsjøfestivalen. Til tross for ruskevêr vert det alltid ein god festival på grunn av den gode musikken og dei kjekke menneska som besøker festivalen.

Irske, skotske, svenske og norske tonar vrimla i lufta i Farsund heile helga. Me fekk mellom anna eit interessant møte med musikken til dei reisande, folk-elektronika i form av Valravn, etterfest i fjæresteinane, vakker gaelisk song, fengjande rilar og noko skikkeleg godt buskspel.

Men ein festival kan 'kje vara evig, veit du - kan aaaaaldri vara evig. Så me er tilbake på Rauland no. Med svidde bildekk etter nedstigninga til Dalen frå Valle. Og med nokre nye cd-ar. Og mange slåttar på repeat i hovudet. Og Converse-sko som byrjar å sjå anstendige ut.

Legg att ein kommentar

Til Rauland det bere

eg lyftar på hatt: Kor godt det var å koma her att!
Traidudenda!
Og derfor til fjells vil eg draga som døl,
og kjenninga finna og gløyma meg sjølv!
Tradudendadei.

 

Og det var starten på eit nytt år i folkekulturens teikn. Tida er komen for å starta eit nytt og betre år på Rauland. Med friskt mot vender nye og gamle studentar dei solbrune nasene sine opp mot fjellet, Totak og fridommen. Det var ikkje meininga å starte opp att bloggen, men folk truga med å starta fjesbokkampanje for å få meg til å blogga att. Eg kunne då ikkje gje dei den gleda av å verte intervjua av Vest-Telemark Blad for at deira fjesbokkampanje hadde nådd fram, og dermed ta æra for at eg starta å skriva igjen, så eg byrja å blogga på rein trass. Skjønt, dei fortener vel den æra uansett...

 

I medan på Rauland:



Då eg hadde reist langt og lengre enn langt, kom eg fram til ein gard som heiter Bitustøyl. Her stod døra på gamlestoga open. Husfrua Britt Elin tok godt imot både Johanna og meg sjøl, og gav oss husly for natta. Noko mat i skrotten fekk me òg:



Vafler med heimalaga syltety, rjome, prim frå Bryn i Trysil og nylaga kreklingbærsaft. Det var eit riktig herremåltid,  eventuelt damemåltid som det var i dette tilfellet, som kunne vera ein konge verdig om han hadde teke turen her.

Neste morgon vakna me til sol og bjølleklang frå sauene. Enda eg sov på berre éi madrass merka eg ikkje noko til erta, så eg er nok ikkje ei ekta prinsessa. Me fann derimot ut at alle hadde hatt rare draumar i natt, men me rekna oss fram til at me ikkje hadde sove i 13 dagar i alle fall.

Ute på tunet vart det safting av kreklingbær. Britt Elin stod i bresjen for det:

Me fekk òg besøk frå Hardanger: ein harding kom opp på garden for å selga nyplukka plommer frå Hardanger. Det måtte me naturleg nok slå til på.

Eit bilete av Johanna - sånn for å unngå søksmål. Den nye traktoren til Svein Olav til høgre i bakkant.



Eg har kjøpt meg nye Converse-sko for lønningsposen min i sommar. Dei ser ikkje ut! Britt Elin var så gild å tilbaud meg å vera med i fjosen for å gjera noko med saka, så me får sjå om dei ikkje går seg til - bokstaveleg talt.

 

Men er det ikkje nokre uglar i mosen her? Kvar er den siste kvisten i Kvasten? Kvar har Ine teke vegen? Har ho mista flyet til Noreg? Har ho rømd heimanfrå med ein kjekk prins? Eller har ho vorte kidnappa av innfødde i Hillbillyland? Ikkje gå glipp av det spanande framhaldet i neste innlegg!

Legg att ein kommentar

So long, and thanks for all the fish!

Alt godt må kome til si ending, og nu får nu være nu nok. Eg tek ein velfortent sommarferie som eg skal tilbringa i klosterruinane på Halsnøy.

Det må seiast at det har vore artigt å skriva blogg, det hadde eg eigentleg ikkje trudd då eg tok på meg dette ansvaret. Mange gode tilbakemeldingar har eg fått, og håpar eg har bidrege med å gje folk ei hyggeleg lesaroppleving. I motsetnad til Voe har eg ikkje vorte mobba for blogginga, eg har derimot vorte skulda for å mobba, men vart frifunnen. 

Artig har det òg vore å få meldingar om at eg er vorte observert på kinolerretet, til tross for at eg ikkje er skodespelar. Eller på dagbladet.no og Spøftifei. Surrealistisk å sjå seg sjølv i reklamar overalt, men det er jo digg å vera rikskjendis - sånn omtrentleg om ein legg godvilja til. 

Eg vil takka alle som har støtta meg og bloggen min, alle som har tjuvkopiert bileta eg har lagt ut, bidrege til gode opplevingar som eg kan skriva om, dei som har sagt og gjort mykje tøys som eg på finurleg måte kan laga eit blogginnlegg av, alle som har snakka om bloggen min og dermed bidrege til gratis reklame, og naturlegvis alle lesarane som har kikka innom. Særleg vil eg takka Kvast med Britt Elin Myrene, Ine Nord og Johanna Mjeldheim for gode stunder og skitsnakk. Og takk til Ingolf (sånn at eg ikkje får søksmål). Vår eminente instituttleiar Bodil Akselvoll fortener òg ei stor takk for støtte. Den siste takken går til Hansa for kreativitet på boks. 

Så eg vil ynskja min arvtakar, kven det no enn skulle vera, lukka til: du må ha storleik 40 for å fylla mine sko. 

Au revoir! Catch you on the flip side.

 

Mvh 
Irene Bjørke
- Academy Award-winner og folkemusikkentusiast 

Legg att ein kommentar

Det var sommar, det var sol

Så var Haukeliseterfestivalen ferdig for i år, og alle har vendt nasene heimover. Men det har vore ein kjekk festival med mange gode augneblikk. I går sat me mangt anna å øvde med Haukeliseter spelemannslag - avd. hardingfele, og øvde ute ved vatnet i solskinnet. Me fekk høyra setesdalsspel på munnharpa og hardingfela, og på avslutningskonserten vart det god stemning med mykje skotsk og shetlandsk felespel.

Dansen gjekk i halli til seine natta, før me avslutta med bålkos og bading i stampen. I dag har dei resterande festivaldeltakarane antakeleg vore på "pilgrimstur", og eg reknar med det vart ein fin tur for vêret var upåklageleg når eg reiste vestover.

Helga har uansett vore fantastisk! Til tross for eitt stykk trøytt og lei folkemusikar etter flyttesjau og stress, klarte festivalen og folka å gje meg mykje energi, inspirasjon og ei kjempekjekk helg. Eg gler meg allereie til neste år!

No er eg komen meg til sommarøya Stord. Deileg å koma seg ut på bølgjan blå og kjenna sjøluft i tryne og lukta av sjø. Me hadde med fiskestenger, og jaggu klarte me ikkje å hala opp 6 paler. Dei vart godt tilbredt før dei møtte sitt endelikt på grillen til André, og fortært saman med eit glas betre kvitvin. Nærmere sommer'n kjæm du itte.

Legg att ein kommentar

Fest i stampen med lemenfeitt

No skine sole på Hauk'liseter, og fela klinger som aldri før!

 

Då var me igjen direkte inne frå Haukeliseterfestivalen. Ein kan melda om strålande sol og lite vind, mykje turistar og festivalentusiastar.

Gårsdagens konsertar stod til forhåpningane: Aamos leverte ein flott ettermiddagskonsert med friskt spel frå Shetland. Rilane var nesten til å ta og kjenna på. Etterpå følgde ein konsert med Arabygdi-slåttar, med Ottar Kåsa i front. Nydeleg spel av gode, gamle slåttar.

Kveldskonserten var heller inga skuffing. "Hardanger-kveld" var temaet, og då kan det jo ikkje gå gale. Kremen av hardingmusikarar, inkludert nokre forfattarspirer (eventuelt forfattarbuskar), var på scenen og spreidde god musikk og tekstar om fenomenet "Hardanger" og alt som der høyrer til.

Dansegulvet fekk prøvd seg òg, fleire spelemannslag og spelemenn spelte god dansemusikk til det leid longt på natt. Redaksjonen har derimot motteke ei klage på at mannfolk er altfor dårleg til å by opp damer dei ikkje kjenner. Så til dei gutane som kan dansa folkedans: Skjerp dykk, karar.

Etter stengetid fann me nokre friske kvinnfolk i ein badestamp nede ved vatnet. Badevatnet var derimot ein smule for varmt, så jakta på lemenfeitt sette i gong. Dette fekk me til og med festivalsjefen med på. For dei som er ukjende med fenomenet "lemenfeitt", så kan eg seie så mykje at det er eit ufolkeleg namn på vatn i fast form.

Og kvelden enda her: med sjantiar, svenskevitsar og prestahistoriar over det blikkstille vatnet i soloppgongen.

Legg att ein kommentar

Gøy på fjellet!

Ja, då er me direkte inne frå Haukeliseterfestivalen. Den fyrste skåla med rjomegraut er kasta innpå og kursa er i full gong. Festivalen starta allereie i gårkveld med konsert og lått og løye. Det heile starta med ein toretters middag som varte i nesten to timar, men det var himmelsk godt! Eg merkar at det er lengje sidan eg åt fisk sist, så det gjorde seg med litt laks som var fint dandert på ei seng av grønsaker.

Nokre heseblesande minutt etterpå var folket samla i Nansensalen. Her opna Kjell Bitustøyl festivalen på formelt vis ved å klyppa av slipset til Raulandsstudenten Steinar. Det er i alle fall det som er den offisielle versjonen. Etterpå fekk me høyra konserten "Eit møte på tvers av vide fjell", som bestod av folk frå Valdres, Hardanger og Telemark. Her var det både dans, song og spel. Så fortsette det med at Raulandsstudentane inntok scenen. Både Lars Erik Øygarden, Vrimmel og Kvast var bidragsytarar til oppvarmingskonserten.

I år har me fått eit flott nachspiellokale i form av ein lavvo ned ved vatnet. Skal ein tru dei som testa han ut i natt var dette stor suksess!

 

Kjem tilbake med meir etterkvart som festivalen utartar seg. Stay tuned!

Minnar om at dei som har tilgong på TelemarksAvisa bør lesa dagens utgåve!

Legg att ein kommentar

Fashion Fesjå

På sundag hadde Institutt for folkekultur sitt moteshow: Fashion Fesjå. Det var mykje flott å sjå på catwalken, og mykje flott å høyra på frå orkestergrava. No kan Kvast huka av for enda eit type arrangement me kan brukast til, nemleg moteshow. Då ventar me i spenning på at Oslo Fashion Week skal ta kontakt.

Eit knippe bilete frå moteframsyninga:









 





 

Servering av kanapé laga av tradisjonsmatstudiet





 

 

Og så vart Akademiprisen utdelt. Og den gjekk til meg!

 



Her gratulert av ordføraren i Vinje, Arne Vinje.

 

Legg att ein kommentar

Flyttesjau

No når skulen er over er det ikkje anna å gjera enn å pakka skipssekken og rusla ned til låglandet for å koma seg i arbeid. Så no er det pakking og vasking for full maskin - utruleg slitsomt. Og keisamt.

I dag klarte eg å lura min gode nabo (sånn ca. om ein tenkjer på det i vid forstand), André, til å køyra opp til Rauland for å fylla opp stasjonsvogna til faren med alt pøet mitt. I alle fall halvparten. Resten gøymer eg i dei mørkraste krokane på studentheimen til eg vender attende ein gong til neste år.

Akkurat no sit me og ventar på at Raulandstoga skal opna kl. 12, sånn at me kan nyta oss ein betre frukost.

 

Ja og forresten, i løpet av dagen skal eg få ut nokre bilete frå vårt fantastiske moteshow på sundag, Fashion Fesjå. So stay tuned!

Legg att ein kommentar
Stikkord:
Les meir i arkivet » Januar 2012 » September 2011 » August 2011
hits